søndag 31. juli 2011

Morgonstemning på Hovden

Heisann... her er nokre bileter eg tok under eit særs vellykka opphald på Hovden:


tirsdag 26. juli 2011

Turmodus

Da legg me ut på tur igjen. I morgon set me oss i bilen og legg kurs mot Hovden i lag med søster mi og familien. Kamera vert sjølvsagt med, me satsar på at det vert litt bilete etter kvart..

fredag 22. juli 2011

22.07.2011

Vi er så få her i landet, hver fallen er bror eller venn (Nordahl Grieg)


Mine tankar til dei som er berørt av dagens hendingar i Oslo og på Utøya

onsdag 20. juli 2011

Litt meir Praha

No når været er heller dårleg prøver eg å få tid til å gå gjennom litt fleire bilder frå Prahaturen. Ikkje alltid lett å finna tid med to småtroll som kjempar om oppmerksomhet, men her kjem eit par til.

 Linje 22

Lynnedslag

Help me

lørdag 16. juli 2011

Praha

Da er me endeleg kommen attende frå Praha. Ein kjempeflott by med masse spanande fotomotiv, sjå bileta nedanfor. Blei litt shopping og. Var innom Foto Skoda, ein butikk over 3 etasjar, der eg mellom anna fekk meg SunSniper kamerareim og ein LowePro Flipside 300 fotosekk (denne fann eg i bruktavdelinga men den såg nesten ny ut).
 Nattbilde tatt fra hotellet

 Tordenvær over Praha

 Gamle bygninger speiler seg i nye

 Gatemusikanter på Karlsbroen

 Gatefoto fra Praha

 Veggkunst

 Panoramabilde


 Spanande hotellarkitektur

 Kveldsstemning

 Nattbilde

Bilde tatt fra flyet i det me passerer Husnes

søndag 10. juli 2011

Snart Praha...

Nærmar seg no tur til Praha med stormskritt, om to dagar sit me på ei kneipe i gamlebyen og nyter livet..

Værmeldinga er ikkje den beste, men temperaturen ser bra ut: Storm.no og yr.no

Sit no og lurer på kva fotoutstyr eg skal ha med meg. Har vel kommen fram til at det blir D90 m/batt.grep (detta kan eg ta av ved behov), sigma 17-70 og nikon 50mm f/1,8. I tillegg tar eg vel med meg ein ekstern blits og.. Er litt luren på stativ, dette utgjer eindel ekstra vekt, eller om eg skal ta med meg monopoden... hmm... godt det er eit par dagar igjen....

torsdag 7. juli 2011

Photoshoot i hagen

Hadde en liten photoshoot i hagen i kveld. Resultatet blei mellom anna dette bilde av eldstejenta:


Tok og dette av et havrestrå som står i hagen. Fekk litt IKEA bilde følelse...

onsdag 6. juli 2011

Ferietid..

Er no inne i mi andre ferieveke av totalt tre, men skal ut i pappapermisjon etter ferien så skal ikkje på jobb igjen før oktober.. Forhåpentligvis vil det mellom bleieskift og papparollen bli plass til litt fotografering.

Har nettopp kommen tilbake frå ein liten rundtur som har tatt oss til Skudeneshavn og Stavanger. Har sjølvsagt tatt masse bilder, ikkje berre familie og born. Legg de ut litt etterkvart som dei er klare.

No er det og berre under ei veke til Prahaturen. Der skal me berre ha med oss minstemann så da er muligheten for at far kan ta seg fototurer aleine større... gler meg.